Skiløyper
Se også VAEs kart over uttrygg is
Det er Ljosland Utvikling A/S som har har ansvar for oppkjøring av løyper i området. Det er også de som står for oppdatering av informasjon om den informasjonen som vises på Ljoslandinfo. Henvendelser vedrørende løyper kan rettest til kj-ljo@online.no, eller tlf. 415 15700 (Kjell Ljosland, Ljosland Utvikling)
Nytt fra tråkkerne
HEI
Vinterferien er igang, då blir løypene køyrd dagleg.
Vinterløypa til Lakken blir førebels ikkje køyrd. Dette fordi isen på Lisla Øyvatn er kun 5 cm tykk, og ikkje særleg god kvalitet.
2 slag med spett, så var ein gjennom isen. Under denne isen er det 50 cm med slaps før det er reint vatn.
SÅ EI OPFORDRING TIL ALLE ER Å KONTROLLERA ISEN, FØR EIN GÅR PÅ TJØNNER OG VATN.
TENK OG PÅ DET, – LEGG DU FØRST EIT SPOR, KJEM DET TRULEG FOLK ETTER DEG. DET ER KANHENDE FLEIRE I EIT FYLGJE SOM STOPPAR OPP I SAMLA FLOKK, – DET ER DÅ DET KAN GÅ REKTIG GALE.
Det er ein kamp og ei utfordring å leggja løypa på stader der ein kjem fram, og særskilt i ukjendt terreng.
Vonar på forståing for at me set krav til eigen sikkerhet, og at utstyret me brukar er kostbart.
SKREDFARE: Dei siste dagane med sterk vind har der lagt seg kraftige skavlar i nord heng, ein del har allerede kome ned, men framleis er der store skavlar som heng att.
Ynskjer alle ei God Helg.
Kjell
Totalt løypekart
Informasjon
Vi minner om at oppkjørte løyper er til skigåing. Tur til fots, med scooter eller andre framkomstmidler som ødelegger sporet bes lagt utenfor løypetraseen. Hundeeiere bes fjerne “visittkort” fra løypene.
Skiløypene
Etter avtale med velforeningane skal Ljosland Utvikling AS stå for løypekøyring komande sesong. Det er veret, saman med dei økonomiske rammebetingelsar som avgjer kvar/kor mykje løyper som kan køyrast.
I sesongen 2010/11 var tråkkemaskinen i drift 63 dagar, og med scooter blei det køyrd 34 dagar. Me reiknar med å halde minst dette nivået for komande sesong og helst auke på med oppkøyring midt i vekene, då me har fleire sjåførar til rådevelde, og for å ta vare på snøen etter kvart som den kjem.
For komande sesong blir det endringar i løypenettet, då det er bygd 2 bruer over Krokevatn-vassdraget. Den eine er ved Upsetjønn, og den andre er ca. 400 m nord for utløpet av Krokevatn. Endeleg trase for denne løypa er ikkje fastlagd, men den vil gå syd mot Stigebotsvatn, over til Krokevatn, og koplast på Skoræ-løypa. Dette bør bli ei bra rundløype, i eit litt mindre ver utsett terreng. Sandvassløypa blir ikkje lenger oppkøyrd, dette av omsyn til villreinen. Direktoratet fo Naturforvaltning har løyvd kr.200.000,- til bruprosjekta, som eit tiltak for å prøva å få villreinen til på ny og nytta Vestheia som beiteområde.
Løypekøyring er ikkje nokon god butikk, så er der “uorganiserte” brukarar som vil vere med på å betala er me takksame for dette.
Tilskot kan betalast inn til konto: 2801.16.14037, merk løypekøyring sesongen XXXX.
Då vonar me på ein snørik, solrik og vindstille skisesong.